Hjem » Stavanger » Portretter »  Kaadas val

Kaadas val

Glenn André Kaada ville aller helst bli både brannmann og skodespelar. Heldigvis er det ikkje fare for at haustens Peer Gynt plutseleg må rykka ut på brannoppdrag.

 Etter Teaterhøgskolen og TV 2-serien Seks som oss kom Glenn André Kaada til Rogaland Teater i desember 2003. Og han har blitt her sidan. Gjennom si faste stilling i ensemblet og tida i Barne- og ungdomsteatret trur Kaada det er på Rogaland Teater han har tilbrakt det meste av si vakne tid. Han kunne nok tenkt seg å bu i Oslo òg, der det er ein større marknad for film og TV. Men det er ingen andre teater som lokkar meir enn nettopp det som ligg i Teaterveien i Stavanger.

– Det er ein fantastisk plass, meiner Kaada.
Article image

Søvnlaus og frustrerande kompleks

Kaada har ikkje tal på kor mange stykke han har spelt i, men det er nok mange som vil sjå tittelrolla i haustens Peer Gynt som det største i Kaadas karriere. Sjølv synst han det er stort, men krevjande å spela ein av verdas største dramatiske figurar.
– Eg har gjort store ting før, men eg har aldri vore borti denne type tekst. Det er eit gamalt språk, og på vers. Det er veldig utfordrande.
Kaada er som regel meir nervøs i prøve-perioden enn på premieredagen. Det har vore mykje søvnlause. 
– Det er alltid krise vekene før premiere. Sjølv om eg har vore gjennom det mange gonger før, og det som regel går bra. Men sånn må det vel vera. Det spørs jo korleis kjensla er når speleperioden kjem, om eg blir mindre nervøs då. Men som regel er det berre kjekt å spela førestelling. Møtet med publikum er jo det det handlar om. Det hardaste ligg i forkant, meiner Kaada.
Han kan nok kjenna seg sjølv igjen i Peer Gynt. Særleg i dei vala som er så vanskelege.
– Peer Gynt unngår å ta val i frykt for å ta feil val. Men tida går jo. I dei store vala i livet må ein velja noko bort. 
Og Kaada har måtta velja bort ein del ting på vegen mot å bli skodespelar. Ganske tidleg visste han at det var enten skodespelar eller brannmann han skulle bli. 
– Eg lurte på om eg kunne bli begge. Men eg fant fort ut at det ville bli vanskeleg med vakter og utrykking. Og då var ikkje valet vanskeleg. Men eg har angra. Likevel ville eg ha angra meir om eg valte å bli brannmann. I tillegg har eg stor glede av å byggja ting, men det kan eg heller ikkje driva med. Av og til skulle eg ønska eg kunne gjera noko heilt anna. Ein vil alltid det andre, seier Kaada.
Han beskriv seg sjølv som kompleks:
– Men eg er ikkje kompleks på ein spanande og mystisk måte. Eg er meir frustrerande kompleks.

– Teater er ikkje tran

 Han fortel at Peer Gynt på Rogaland Teater dreier seg om Peers indre kamp med sine eigne demonar og korleis ein sjølv kan vera sin eigen verste fiende.

– I søken mot storleik blir ikkje målet stort nok for han. Dermed oppnår han ingenting. 
Kaada synst det er rart at Peer Gynt vert omtala som den norske folkesjela.
– Biletet av Peer Gynt er nok litt misforstått. Han er ingen lystig hoppande fyr med strå i munnen. Han er ein samansett og grunnleggande egoistisk type. Men han har kanskje gode intensjonar.
Article image

 I førestellinga skal alle skodespelarane vera på scena heile tida, i ein treboks: 

– Me tar tak i Peers indre prosessar meir enn at han drar over fjell og hav. Det er klaustrofobisk. Dei som påverkar han er tilstades heile tida.
Kaada håpar haustens Peer Gynt kan nå ungdommane.
– Det er viktig at ungdommar ikkje får eit dårleg første møte med klassikarane og teatret. Me skal klara å balansera underhaldning og tema, og gjera Peer Gynt aktuelt for deira liv.
Det er ingenting Kaada ønskjer meir enn at terskelen for å gå i teater skal bli lågare, og særleg for ungdommar. 
– Mange seier: «Eg burde bli flinkare å gå i teatret.» Det høyrest ut som dei skal ta tran. Det skal ikkje vera sånn. Eg ønskjer at Peer Gynt kan vera lavterskel, bra teater.
Kaada har for lengst slutta å lesa kritikkane av dei stykka han speler i. 
– Eg har aldri fått skikkelig slakt, men eg heng meg gjerne opp i ei negativ setning. Eg skal iallfall ikkje lesa kritikkane av Peer Gynt!

Sjokolade og Listerine

 Det finst mange overtruiske reglar i teaterverda. Mellom anna skal du aldri seia «Macbeth» eller «lykke til». Og om nokon ønskjer deg lykke til må du for all del ikkje svara «takk». Du skal aldri gå med din eigen hatt på scena, plystra eller ha sko på bordet. Og Kaada har, som mange andre skodespelarar, adoptert desse reglene.

– Eg plystrar nesten aldri privat heller lengre. Det handlar ikkje så mykje om overtru, men eg snakkar heller ikkje så mykje om inngangsmetodane eg brukar til rollene mine. Eg trur liksom dei blir jinxa, om eg fortel. Nokre hemmelegheiter må eg ha sjølv. 
– Han kan fortelja at han har ulike ritual til ulike roller. Det kan vera å høyra nokre spesielle songar eller eta ein spesiell sjokolade. Dei kjem av seg sjølv. Då han spelte Mozart i Amadeus, hadde Kaada ei liste med musikk han måtte høyra som ikkje var klassisk. 
– Eg ville trigga noko frå dette og kopla det på det klassiske. Og då eg spelte i Ylajali, måtte eg ta ein kork med munnskylevatnet Listerine rett før eg gjekk på scena. Eg må ha eit mønster, fortel Kaada.
Kaada synst ein av dei finaste tinga ved teatret er når han står i kulissane, medan det går ei førestelling på scena. Til dømes når han står i rommet under scena og høyrer det trampa over seg, eller når han står i scenetårnet og kan sjå både publikum og skodespelarane. Han trur det er det magiske aspektet med teatret som skapar tvangstankar. 
– Men eigentleg er jo teater berre nokon som står og gjer seg til for andre. Av og til ser eg meg sjølv utanfrå og tenker: «Jøss, kva er det du driv med, no må du gjera noko fornuftig.»
 
Tekst: Monica Lindanger | Foto: Emile Ashley & Monica Lindanger