Hjem >  Ein feelgood-oppleving for heile familien

Ein feelgood-oppleving for heile familien

I den fiktive bygda Knert-Mathilda på Sunnmøre bur niåringane Trille og Lena. Dei er dei to einaste borna på alderen deira som bur på plassen ut mot havet. Dei er naboar, men Trille vil gjerne vere bestevennen til Lena. Lena meiner at det ikkje går, for ho skal kanskje flytte snart, og bestevenner må jo bu på same stad, eller?

Maria Parr sin bok «Vaffelhjarte» får for første gong premiere på ein teaterscene. Det lune og trivelege universet inviterer i høg grad til ein teaterversjon som regissør Cecilie Askeland Mosli og ensemblet hennar presenterer på Store Scene frå 10. oktober. Boka vart nominert til Brageprisen i 2005 og NRK-serien basert på boka vann Gullruten for «Beste barne- eller ungdomsprogram» i 2012. No ser regissøren fram til å presentere teaterversjonen for bergenspublikummet.
    Regissør Cecilie Mosli kan kunsten å formidle gode historier for dei yngste. Ho har tidligare stått for regi på fleire TV-seriar om Kaptein Sabeltann, på «Før det ringar» på Brageteateret og «Ronja Røverdatter» på Nationaltheatret. På DNS fekk ho mykje ros som regissør for «meet me», ungdomssatsing med premiere i mai 2013. Ho blei også nyleg nominert til ein internasjonal pris som regissør for TV-serien «Mammon».
– Eg er stolt over å få setje opp den nydelege historia til Maria Parr. Eg lo og gret så mye første gongen eg las henne for borna mine at eg måtte ta pausar for å hente meg inn att. Den varmen, humoren og nydelege handsaminga av dei store tinga i livet som lengsle, redsel og sorg, vert så usedvanleg godt handsama i denne historia.
– Vert det stor skilnad frå teaterversjonen og NRK-serien som mange born kjenner godt?
– TV-serien er episodisk, mens her har vi over ein times førestelling, så det vert andre utval frå boka i denne versjonen. Men ein kjem til å kjenne igjen kjernen!
– Kva er det med Maria Parr sin bok som fasinerer?
– Maria Parr sitt forfattarskap er fylt med dei viktige mellommenneskelige ting samstundes som ho balanserer det med ein solid dose humor, seier Mosli.
    «Vaffelhjarte» følgjer to svært oppfinnsame niåringar gjennom liv og vaffelrøre eit heilt år. Pakka inn i ein Astrid Lindgrensk atmosfære tek Trille oss med til den vesle kystbygda med kallenamnet Knert-Mathilda, der han saman med bestevennen og nabojente Lena gjer sommersprell med påfallande høy risikofaktor. 
– Eg synest ei samanlikning med Astrid Lindgren er heilt naturleg. Ho har denne unike fortellerstemmen og motet til å skrive for barn om dei store tinga i livet. Likevel har Parr ein heilt eigen og moderne stemme som er hennar, og ikkje Astrid Lindgrens.
    Ofte går det litt over styr i den vesle vika deira. Og innimellom alt leven og latter fortel Trille lågmælt om alvor og sorg i eit ni år gammalt liv, og om redsla for å missa dei han er glad i. Akkurat som i boka vert det ramsalt humor, elleville påfunn, finurlige ordspill, leikne kommentarar og uventa dramatikk når «Vaffelhjarte» inntar teaterscenen. Men det vert òg alvorlege tema som kjønnsrollemønster, venskap, flytting, døden, kjærleiken og noko så viktig som å fikse ein ny pappa når mamma er litt for treig på avtrekkaren. Mye takka vere ein farfar med toleranseterskel til ettertanke landar dei fleste påfunna med fred og fornuftig forsoning.
– Det som er så fint med Maria Parr sine historier er at sjølv om handlinga er lagd til svært lokale, spesifikke stadar, så er historiene universelle. I tillegg bur vi i eit land kor dei fleste uansett har ein mamma, pappa eller besteforeldre frå landet, og mange har eit tilhøve til grisgrendte strøk. Eg er jo sjølv frå «gokk», og stolt av det, og kjenner miljøet godt igjen, og det varmar hjartet mitt. At Grünerløkka-døtrene mine òg lever seg inn i Knert-Mathilda er inga overrasking, men likevel veldig fint.
     Akkurat som i NRK-serien vert musikken til Odd Nordstoga sentral òg i teaterversjonen. I eit år jobba han med dette prosjektet. Først fann han musikk som passa til TV-serien. Så laga han læt, som på ein annan måte handla om det som NRK-serien ville fortelje oss. Til slutt fekk Nordstoga alt dette til å spele saman heilskapleg. Vi kan med andre ord slå fast at albumet «Bestevenn» høyrer til «Vaffelhjarte» og at «Vaffelhjarte» høyrer til «Bestevenn». 
– Nordstoga sin musikk var så skreddarsydd for denne historia, og er så nydeleg og medskapende til historia at eg så ingen grunn til ikkje å bruke han i teatret. Eg var berre nervøs for om Nordstoga ville at han skulle vere med. No er vi så heldig at Nordstoga har velsigna det, saman med Parr, og vi følar oss heldige som skal leve med denne musikken lenge, seier Mosli som nesten ikkje kan vente til urpremieren 10. oktober.
– Å fortelje historia på Store Scene er berre deileg! Og deretter skal han turnere i heile Sogn og Fjordane på skolebesøk, og det er berre optimalt, fortel ein oppglødd regissør!

Barnelitteraturens nye superstjerne

Maria Parr (33) er norsk barnelitteraturs nye superstjerne! Ho debuterte med Vaffelhjarte i 2005, og fekk sitt store gjennombrot med Tonje Glimmerdal i 2009, som ho blei tildelt både Brageprisen, Teskjekjerringprisen og Kritikarprisen for. 
    Trass sin unge alder har Parr alt vunne fleire litterære prisar enn dei fleste andre forfattarar gjer i løpet av eit heilt liv. Ho har blitt samanlikna med både Johanna Spyris (Heidi) og Astrid Lindgren, og bøkane hennar er omsette til ei rekkje språk.
Parr er frå Fiskå i Vanylven. Ho har mastergrad i nordisk litteratur frå Universitetet i Bergen og er utdanna lektor ved Høgskulen i Volda.
    Ho tykjar det er kjekt at «Vaffelhjarte» no også finn vegen til teaterscena.
– Vaffelhjarte er ei bok eg er veldig glad i, med figurar eg er veldig glad i. Eg er spent på teaterstykket, men aller mest gler eg meg. 
– Kva forhold har du til teater?
– Sidan eg har vakse opp utanfor allfarveg, var ikkje teater ein del av barndommen og ungdommen min. Eg har vel alltid følt at det ligg ei verd der og ventar på meg. Ei fin verd. Det er først gjennom bøkene mine at eg verkeleg har kome i kontakt med teater på skikkeleg, fortel Parr.

Velkjent miljø

Det er den vesle bygda ved fjorden som er ramma rundt livet til hovudpersonane i «Vaffelhjarte». Det er eit miljø forfattaren kjenner godt frå sin eigen oppvekst, og ho formidlar livsvilkåra her med stort truverde og kjærleik til både natur og folk. Samtidig skaper ho frå den vesle plassen eit litterært univers som er både tidlaust og universelt. Parr lèt hovudpersonane ha store tankar og kjensler, og ho greier på meisterleg vis å gjenskape korleis born prøver å setje ord på det dei tenkjer og føler. 
– Kjem det fleire bøkar? 
– Eg skriv. Og eg håper det blir fleire bøker, men det blir nok ikkje med det første.
– Har du vært involvert i produksjonen, eller diskuterer du med Cecilie Mosli underveis i prøveperioden?
– Nei, denne gongen har eg vore lite med, og det synest eg er veldig greitt. Eg tenkjer meg godt om på førehand, men når eg har gitt frå meg teksten min, då må dei som har fått den få tillit til å gjere det dei synest er best. Men eg har fått lese manus, og gler meg veldig til å sjå resultatet, seier Parr som også gler seg over at musikken til Odd Nordstoga frå NRK-serien om Vaffelhjarte, blir med også på DNS.
– Odd Nordstoga sin musikk har alltid treft meg på ein eigen måte. Då han sa ja til å lage musikk til TV-serien fall bitane på plass for meg. Plata «Bestevenn» betyr mykje, og vidar ut Vaffalhjarte-universet på alle måtar. At musikken er med i teaterstykket set eg stor pris på, avsluttar Parr.

Tekst: Ole Friele jr. | Foto: DNS & IN magasinet

Lik IN magasinet på Facebook